Eiendom

ÅMOT SENTRUM: Lnr.: F2-18 - Nye sjølveigarleilighetar og ein enkel kvardag på toppen av Fristadsenteret - God planløysing og fine solforhold - Attraktiv beliggenhet midt i sentrum - Heis rett til senterets fasilitetar

ÅMOT SENTRUM: Lnr.: F2-18 - Nye sjølveigarleilighetar og ein enkel kvardag på toppen av Fristadsenteret - God planløysing og fine solforhold - Attraktiv beliggenhet midt i sentrum - Heis rett til senterets fasilitetar

Fakta

  • Vinjevegen 176 B
  • Primærrom
    89
  • Boligtype
    Leilighet
  • Eieform
    Selveier
  • Soverom
    2

Prisdetaljer

  • Prisantydning
    2 770 000 ,-

Omkostninger

2 770 000,- (Prisantydning)

Omkostninger
5 000,- (Dokumentavgift (avgiftsgrunnlag: 200 000,-))
199,50 (Panteattest kjøper)
525,- (Tingl.gebyr pantedokument)
525,- (Tingl.gebyr skjøte)
--------------------------------------------------------
6 249,50 (Omkostninger totalt)
--------------------------------------------------------
2 776 249,50 (Totalpris inkl. omkostninger)

NB: Regnestykket forutsetter at det kun tinglyses en låneobligasjon og at eiendommen selges til prisantydning.

Areal og byggeår

  • Primærrom
    89
  • Tomt
    0

Beskrivelse

Fristadsenteret i Åmot er meir enn berre Vest-Telemarks største kaupesenter. På toppen av dei to bygga Fristad 1 og Fristad 2 er det også 38 fine sjølveigarleilighetar som ligg usjenert og rolig til med gode lys og soltilhøve. Bygginga av dei seiste leilighetane går no mot slutten og me legg ut leilighetane fortløpande for sal etter kvart som dei nærmar seg ferdigstilling.

Leilighetane varrierar i storleik frå ca 50-90 kvm med alt fra eitt til tri soverom og eitt eller to bad. Samtlege leilighetar har romslege balkongar med god utsikt og minimalt innsyn, det er gode gjennomtenkte planløysingar og alt av material er av høg kvalitet med fokus på minimalt vedlikehald og god støyisolering og tryggleik. Det er ikkje noko fellesgjeld som kjem i tillegg og inkludert i prisen får ein også gode kvitevarepakker av kjende produsentar.

For meir info, sjå: www.fristadeigedom.no

Heimeside

Sjå boligvelgar og meir info på www.fristadeigedom.no

Standard

Stor gjennomgåande leilighet med gode lys og soltilhøve og sørvendt skjerma balkong på heile 15kvm. Som øvrige leilighetar er denne universelt utforma men enno betre tilpassa rullestolbrukerar med tanke på plassering av bryterar og kontaktar. Levert komplett innreia med baderomsinnreiing, kjøkkeninnreiing inkludert kvitevarepakke med kjøl/frys, komfyr, keramisk koketopp, oppvaskmaskin og ventilator. Garderobeskåp i gang og alle soverom. Golv har flisar og varmekabel i gang, bad og på vaskerom. Parkett i øvrige rom. Eigen låsbar bod i kjellar på 5 kvm. Downlights i stoge, gang, kjøkken og bad og led lys i øvrige rom. Balansert ventilasjonsanlegg for godt inneklima. Eigen avstillingsbrytar for brannalarm inne i leiligheten og callinganlegg til ytterdør. Overbygde gangbaner og inngangsparti til alle leilighetene med lys.

Beliggenhet

Velkommen til Vinje, den største kommunen i Telemark fylke, med eit areal på 3117 km2. Det er ein typisk fjellkommune der 80 prosent av arealet ligger over 800 meter over havet. Feriedestinasjonane Rauland og Haukeli ligg i Vinje kommune.

Dette er leiligheten for deg som ynskjer ein enklare kvardag. Ein kort heistur ned i fyrste etasje og du finn alt av ynskjelege tenestetilbod med leiande kjedekonsept innanfor mat, elektronikk, sport, klær, interiør, apotek, Vinmonopol og ein triveleg senterkafè der du kan kose deg med ein god ferskbrygga kaffe og ferske bakeverk. Sjølv om ein bur midt i Åmot sentrum ligg flott natur kun eit steinkast unna der ein kan gå rett ut i ljosløypa rundt flotte Ormetjønn for langrensski på vinteren eller om ein vil lauge seg litt på ein varm sumardag.

For meir info, sjå:
- www.fristadsenteret.no
- www.visitvinje.no
- www.visitrauland.no

Felleskostnader

1 285 pr. mnd. som dekker felleskostnader til sameiget som forsikring, vask, straum og oppvarming, beredskap, snømåking, drift av heis, utvendig vedlikehald o.l

Etasje

2 etasje

Garasje / Parkering

Store offentlige parkeringsplassar både på framsida og baksida av bygget i tillegg til stor offentlig parkeringskjellar med plass til 125 bilar

Formuesverdi

Formuesverdien vert fastsett med utgangspunkt i ein kvadratmeterpris bereikna av Statistisk sentralbyrå (SSB). Kvadratmeterprisen skal gi uttrykk for ein estimert marknadsverdi pr. kvadratmeter og bygger på statistiske opplysningar om omsatte bustad (bustadtype, areal, geografisk beliggenhet og alder).

Ut fra kvadratmeterprisane til SSB fastsett Skatteetaten årlige kvadratmetersatsar. Desse satsane vil utgjera hhv. 25% av kvadratmeterprisane for primærbustad (der bustadeigar er folkeregistrert pr. 1. januar) og 90% for sekundærbustad (alle andre bustader).

Regulering

Eigedommen er regulert til blandingsformål for bustad og næring. For ytterlegare opplysningar om regulering, vennligst ta kontakt med meklar.

Budgivning

Alle bod skal vera skriftleg til meklar. Det fyrste bodet skal vera på bodskjema påført bodgjevars signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan vera per e-post til: olstad@nordvikpartners.no eller SMS: 90 08 02 28 til meklar. Bod kan også vera via bodgjevarplatform på nett eller app. Vel ein denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det fyrste bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som råd bekrefte skriftleg for bodgjevar at bod er motteke. Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter seiste annonserte visning, vil ikkje bli formidla til selgar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er kome til selgars kunnskap. Selgar står fritt til å akseptere eller forkaste eit kvart bod, og er soleis ikkje forplikta til å akseptere det høgaste bodet på eigedomen. Meglar skal, i den grad det er naudsynt og mogleg, informere dei involverte i bodrunda skriftleg om status i bodgjevinga.

Meklar er forplikta til å legge til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden, og for at boda skal kunne bli behandla og vidareformidla skriftleg til alle involvera partar, må eit kvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist. Selgar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept vert formidla til bodgjevar. Aukingar av bodet skal difor ha akseptfrist på minimum 30 minutt frå bodet vert gjeve. For at meklar skal kunne avholde forsvarlig bodrunde, bes det om at bod gis i god tid før bodfristen. Selgar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er kome i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på forespurnad få ein kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta. Det vert elles vist til "Forbrukerinformasjon om budgivning", som er tatt med i salsoppgåva

Diverse

Alle innvendige og utvendige arealangivelsar, samt beskrivelsar av bygning er henta frå byggeteikningar levert av selgar. Salsoppgåva er basert på selgars opplysingar gitt av arkitekt, meglar og opplysingar innhenta frå kommunen, eventuelt forretningsførar og andre tilgjengelige kjelder. Interessentar vert oppmoda om å undersøke eigedomen godt, gjerne sammen med sakkyndige, før bod inngis. Det er ikkje kontrollert om tomtegrensene stemmer med dei grenser/ gjerde som fysisk er satt. Det kan være avvik frå dagens rombruk/ rombenevnelse i høve til det opprinnelige byggemeldte/ godkjente.
Meglerforetaket oppmodar evt. bodgjevarar til å lese gjennom fullstendig prospekt/ salsoppgåve med vedlegg.

Hvitvaskingsloven

Eiendomsmeklarar er frå 1/1-2004 underlagt kvitvaskings-lova. Dette innebærer at eigedomsmeklarar er forplikta til å melde mistanke om forsøk på kvitvasking til økokrim.

Eierseksjonsloven

Det vert opplyst om at ingen kan eige meir enn to boligseksjonar i sameiget jfr. Lov om eierseksjoner §22

Avhendingsloven

Frivillig sal av fast eigedom vert reulert av Lov om avhending av fast eigenom av 3. juli 1992 nr. 93.

Finansiering

Me har kontinuerlig kontakt med bankarsom kan tilby lån med konkurransedyktige betingelsar. Dersom ein ynskjer formidlar me gjerne kontakt.

Heftelser

Tinglyst legalpant tilsvarande 1 G for panterett til sameiget.
Iht. lov om Eierseksjonssameier §24, er sameigarane overfor sameigets kreditorar ansvarlige i høve til sin sameigebrøk. Ved manglande betaling av fellesutgifter har sameiget lovbestemt pantesikkerhet i den enkelte eigarseksjonen inntil 1 gong folketrygdas grunnbeløp.

På eigedomen kan det væra tinglyst erklæringar/avtaler som til dømes rett til kommunen til å anlegge vann- og kloakkledninger inkl. reparasjon av desse, bestemmelsar om bebyggelsen, gjerde, veg og adkomstrettighetar. Desse erklæringane/ avtalene vil følge eigedomen ved sal, og kan ikkje slettas. Vennligst ta kontakt med meklar for nærare spesifikasjon av desse.